Breerosjon:
Det blir danna forskjellige landformer ved breerosjon, desse formene kjem av "skuring og plukking" :
- Skuring: fastfrosen stein i breen blir nytta som slipemiddel på underlaget, der forskjellige størrelsar dannar forskjellige landformer. Trykket på "steinen" under breen varierer ut i frå kor mykje is det er over den. Er breen veldig tjukk, som under istidene var fleire tusen meter tjukke, blir erosjonen veldig kraftig fordi rørsla mot berggrunnen er rask.
- Plukking: Det er eit resultat av vatn med temperatur rundt frysepunktet som held til ved botn av isbreen. Dette vatnet kan fryse i bergsprekkar og føre til frostsprenging. Dermed frys stein fast i breen og blir frakta av stad, vi seier då at breen "plukkar" stein.
ALPINE LANDFORMER
- Dette er det mest ekstreme og mest forrivne fjellnaturen kan by på, med store og spisse tindar og stup.
- Danna av breerosjon av ein botnbre.
- Kjende alpine internasjonale landformer er Alpene, mens dei mest kjende alpine landformene her i Noreg er lokalisert i Jotunheimen, på Sunnmøre og i Nord-Norge.
U-DALAR, FJORDAR OG FJORDSJØAR
- Har blitt danna under Tertiærtida då dei kraftigaste brestraumane gjekk gjennom desse dalane. Då blei V-dalane, som allereie var danna av elver, omdanna til U-dalar.
- Ein fjord har blitt danna der breen har gravd så djupt at havet har trengd inn i dalen.
AVSETNINGSFORMER
- Morenejord: Dette er den mest utbreide jordarta i Norge og kjem av at isbreane har smelta ned etter istida, og lausmassene har blitt liggande igjen på terrenget.
- Israndavsetning: Dette er ei samnemning på ryggforma lausmasseavsetning som er lagde opp framfor eller på sida av ein isbre. Dei forskjellige typane av slik avsetning er sidemorene, endemorene, isranddelta eller ein kombinasjon av dei to sistnemde.
Tynn morene på "jemtegård"-sida av Valldalen.
MARINE GRENSE OG RAVINETERRENG
- Marinegrensa er det høgaste nivået havet har hatt ett den siste istida, gamle strandlinjer og merker i terrenget.
- Ravineterreng er djupe V-dalar som elvar og bekkar har grave ut i leirslettene.
Ravineterreng Marine grense
bilde og temakart over området
- Skreve av Børre
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar