Forvitring og erosjon


Forvitring   
Du kan finne mange typar forvitring i Noreg. Forvitring kan delast inn i to typar forvitring, mekanisk forvitring og kjemisk forvitring. Når fysiske krefter verkar på berget og bryt det i mindre stykke, kallar vi det mekanisk forvitring. Det er tre forskjellige typar mekanisk forvitring. Det er frostforvitring ( det er utviding av vatn i sprekker, ofte i kaldt miljø der isen aukar med nesten 10% i volum ), solsprenging ( sprenging av stykker i fjellet, pga store temperatursvingningar ) og trykkavlasting ( granitt som kjem fram i dagen og utvidar seg. )

Ved kjemisk forvitring blir berggrunnen utsett for vatn med oppløyste gassar som gjer at vatnet får evne til å løyse opp minerala i bergarten.


Ifølge kartet Arealis, så er det mykje forvitringsmateriale i Valldal ( Omenås ). 



Erosjon   
Erosjon er når ytre krefter slit i stykke og transporterer partiklar frå ein stad til ein annan. Ei elv, ein isbre, vind eller bølgjer er eksempel på ytre krefter. 
         
Her er eksempel på avsetning etter erosjon, dei ytre kreftene som har forårsaket denne erosjonen, er          elver og breer. Denne erosjonen foregår fortsatt ( elva ), og breavsetninga  kom under Istida.



- Skreve av Børre og Elida 


                                                              

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar