søndag 30. november 2014

Valldal

                                    Kart over Valldalen

  Dette er ein terrengmodell over Valldalen. Denne modellen viser 
formene på fjella og gir oss eit anna bilete av dalen.
Dalen er ein U-dal og er ca. 30 km. lang.

Dette er eit topografiskkart som viser informasjon om navna på dei
 ulike delane av dalen, høgdekurvar og størrelse på dalen.
Elva Valldøla renn gjennom heile dalen og endar i Sylte sentrum.
Denne dalen er "omringa" av høge fjell, blant dei største og mest kjende er: Ormula(1418moh.), Høgstolen(1739moh.), Brekkehornet(1525moh.) og gjerdsegga(1140moh.).               


- Skreve av Elida

torsdag 6. november 2014


Her er eit bilete av Valldalen. Dette viser korleis dalen ser ut "på ekte".
Dalen gir mykje næring, jordbruk er vel den klart største og viktigaste næringsvegen. Derfor er det veldig mange åkerar ( som ein kan sjå på bilete ) plassert oppover heile dalen. Eigerane av desse åkerane dyrker spesielt jordbær, men også mange andre forskjellige grønnsaker, som f.eks. potet, gulrot og kål. 


Busetnaden er ikkje så stor, men har rundt 1000 innbyggjerar som er konsentrert til dei 10 første km nærmast fjorden. 


- Skreve Børre

onsdag 5. november 2014




          Dette er den kaledonske fjellkjeda, og informasjon om korleis den blei danna.
Den Kaledonske fjellkjeda oppstod  då kontinenta Baltika (Vest Europa og Skandinavia ) og Laurentia (Grønnland og Nord-Amerika) kolliderte. Denne kolisjonen skjedde for over 400 millioner år sidan, under den tidsperioden som blir kalt Devontiden.

Då desse platene blei pressa saman, blei det danna ei enorm fjellkjede som blir sett på som ein av dei største fjellkjedene som har eksistert. Den blir også anslått for å ha vore større enn Himalaya.

Fjellkjeda har i lang tid blitt nedslitt av erosjon, men dekker fortsatt store deler av Skottland,Noreg, østkysten av USA og Svalbard

Kilder: Wikipedia 

- Skreve av Børre
            






tirsdag 4. november 2014

Dette kartet viser bergartane som er i dalen. Kartet har hovudsaklig ei rosa form, noe som ifølge informasjonen om bergarter, er gneis og granitt. Type gneis: øyegneis.


- Skreve av Elida

mandag 3. november 2014

 Dette er eit kart som viser lausmassegeologien i dalen. Til høgre på bildet             ser du ei oversikt over kva dei forskjellige fargane betyr og viser.

Kjelde: http://geo.ngu.no/kart/arealis/


- Skreve av Børre

lørdag 1. november 2014


Fjell, egger og tindar i Valldalen  

    
Dette er Gjerdsegga (1140moh)
Dette er Brekkehornet(1525moh)



Her ser ein opp til Ormula( 1418moh), og kan god sjå at det har vore mykje snøskredaktivitet langs ryggen.


- Skreve av Børre