onsdag 26. mars 2014

Landskap og verdier, oppgåve 1-5

1.       Valldal er eit kulturlandskap og eit jordbrukslandskap. Eg vil påstå at Valldal er eit slikt landskap fordi det er mange bønder som nyttar dei ulike ressursane her. Desse bøndene nyttar jorda og beite som ressursar til å drive med jordbruk, dyrkingsbruk og gardsbruk med dyr. Det har blitt færre og færre beiteområder til dyr, sidan mange slike gode områder blir no nytta til jordbruk. Valldalen er også «omringa» av fjell i alle kantar, så den kan også bli rekna som eit rekreasjon landskap. Dyr som blir nytta til beiting er: kyr, sauder og geiter.


2.     Det er mykje menneskelig aktivitet som har forma landskapet i Valldal. Blant anna bønder som har begynt å dyrke jord, fjerne stein og forbetre underlaget. Men også dyr har beita mykje på underlaget/jorda, noko som har forma dalen og plassane der folk har valt flytte. Så omtrent heile dalen er prega av menneskeleg aktivitet, og som ein kan sjå på bilete, så er det veldig mange som har valt å drive med jordbruk (alle akarane).


3.     Ja det finst mange ulike kultur- og jordbrukslandskap i heimkommuna mi. Eidsdal, Fjørå og Norddal er slike områder. Her er det aktivitetar som jordbruk, gardsbruk og industrialisering som har prega områda. Spesielt å drive med kyr og sauder er vanleg i desse områda. I Norddal og Eidsdal har det vore ein del fråflytting på grunn av lite menneskelig aktivitet og lite interesse for jordbruk, men i Fjørå og Valldal har innbyggjartalet auka. Mange av fjellområda rundt bygdene er store og gode rekreasjonsområda. Her er det mange turistar og profesjonelle idrettsutøvarar som kjem for å sykle i lokale, urørte fjellområder. Men også for å stå på ski, utforske fjell i fantastisk natur og liknande aktivitetar. Elva, Valldøla, er også eit populært området for turistar. Her er alle velkommen til å prøve ut rafting. Andre menneskelege aktivitetar: fotballbane, skule, bygder og fjøsar.

4.     I det valte området mitt, er det ikkje veldig mange konfliktar om arealbruk. Mykje av arealet i Valldalen er brukt til dyrkingsjord og åkrar, men også ein del er bruk til vegar og andre viktige verdiar i samfunnet her. Det er kanskje småe konfliktar om kvar ein skal bygge ut vegane og kvar ein skal bygge ut til sosiale arrangement, men dette er ikkje alvorlege konfliktar.



5.     Det er mange ulike verdiar i valte landskapet mitt. Det er eit landskap der ein kan gå på skule, arbeid for ulike yrker, godt grunnlag for ulike «hobbyar» og store områder til å drive med fritidsaktivitetar. Det er mykje rekreasjonslandskap som gir oss gode opplevingsverdiar og bruksverdiar, der ein kan gå turar, sykle osv. Andre viktige verdiar er fotballstadion, Valldøla (som ressurs og til å drive med f.eks. rafting) og barnehagar. Landskapet har også ein eigenverdi, med mange ulike planteartar og stort og utbreidd dyreliv.

Det er veldig mange ulike økonomiske verdiar, som for eksempel gardar (folk som jobbar i åkrane), butikkar(spar, bensinstasjonar, rimi) og andre ulike arrangement. 

-Børre, Elida og Rebekka