1.
Valldal er eit kulturlandskap og
eit jordbrukslandskap. Eg vil påstå at Valldal er eit slikt landskap fordi det
er mange bønder som nyttar dei ulike ressursane her. Desse bøndene nyttar jorda
og beite som ressursar til å drive med jordbruk, dyrkingsbruk og gardsbruk med
dyr. Det har blitt færre og færre beiteområder til dyr, sidan mange slike gode
områder blir no nytta til jordbruk. Valldalen er også «omringa» av fjell i alle
kantar, så den kan også bli rekna som eit rekreasjon landskap. Dyr som blir
nytta til beiting er: kyr, sauder og geiter.
2.
Det er mykje menneskelig aktivitet
som har forma landskapet i Valldal. Blant anna bønder som har begynt å dyrke
jord, fjerne stein og forbetre underlaget. Men også dyr har beita mykje på
underlaget/jorda, noko som har forma dalen og plassane der folk har valt flytte.
Så omtrent heile dalen er prega av menneskeleg aktivitet, og som ein kan sjå på
bilete, så er det veldig mange som har valt å drive med jordbruk (alle akarane).
3.
Ja det finst mange ulike kultur- og
jordbrukslandskap i heimkommuna mi. Eidsdal, Fjørå og Norddal er slike områder.
Her er det aktivitetar som jordbruk, gardsbruk og industrialisering som har
prega områda. Spesielt å drive med kyr og sauder er vanleg i desse områda. I
Norddal og Eidsdal har det vore ein del fråflytting på grunn av lite
menneskelig aktivitet og lite interesse for jordbruk, men i Fjørå og Valldal
har innbyggjartalet auka. Mange av fjellområda rundt bygdene er store og gode
rekreasjonsområda. Her er det mange turistar og profesjonelle idrettsutøvarar
som kjem for å sykle i lokale, urørte fjellområder. Men også for å stå på ski,
utforske fjell i fantastisk natur og liknande aktivitetar. Elva, Valldøla, er
også eit populært området for turistar. Her er alle velkommen til å prøve ut
rafting. Andre menneskelege aktivitetar: fotballbane, skule, bygder og fjøsar.
4.
I det valte området mitt, er det
ikkje veldig mange konfliktar om arealbruk. Mykje av arealet i Valldalen er brukt
til dyrkingsjord og åkrar, men også ein del er bruk til vegar og andre viktige
verdiar i samfunnet her. Det er kanskje småe konfliktar om kvar ein skal bygge
ut vegane og kvar ein skal bygge ut til sosiale arrangement, men dette er ikkje
alvorlege konfliktar.
5.
Det er mange ulike verdiar i valte landskapet
mitt. Det er eit landskap der ein kan gå på skule, arbeid for ulike yrker, godt
grunnlag for ulike «hobbyar» og store områder til å drive med fritidsaktivitetar.
Det er mykje rekreasjonslandskap som gir oss gode opplevingsverdiar og
bruksverdiar, der ein kan gå turar, sykle osv. Andre viktige verdiar er
fotballstadion, Valldøla (som ressurs og til å drive med f.eks. rafting) og
barnehagar. Landskapet har også ein eigenverdi, med mange ulike planteartar og
stort og utbreidd dyreliv.
Det er veldig mange ulike økonomiske verdiar, som for eksempel gardar (folk som
jobbar i åkrane), butikkar(spar, bensinstasjonar, rimi) og andre ulike
arrangement.
-Børre, Elida og Rebekka